|
PROSJEKT BESKRIVELSE PÅ NATURMØTEPLASSEN SVELEITET I HERAND
4H Norge ynskjer å løfte miljøengasjementet hos barn og unge. Dei har difor sett igang eit prosjekt som heiter miljøløftet. Miljøløftet vil seia unge kreftar for ei miljøvennleg framtid. Ein vil lage naturmøteplasser som skal vera tilgjengelege for alle i alle aldrar. Den skal vera ein lokal arena for miljøaktivitetar. Det skal vera ein fysisk møteplass der ein treng og bruka kroppen litt, men den skal vera tilgjengeleg for folk der dei bur. Og naturmøteplassen skal vera i skogen, fjellet, eller ved ein tursti. Naturmøteplassen blir staden for gode samtalar, trivsel og skapande verksemd, Aktivitetane skal skje med lokalee krefter, stimulere til deltaking, rørsle, nyskjerrighet og oppdagelseslyst. Her kan barn og vaksne møtast til natur- og friluftsaktivitetar. Gjennom kunnskap og gode opplevingar skal vi styrka forståinga for naturen, og for vårt felles miljø.
Me skal lære barn og unge respekt og ansvar for natur og mennesker.
Me skal auke forståinga for natur og miljø gjennom opplevingar og bruk av 4H metodar "å lære ved å gjøre"
Gjennom oppgåva vår "Framtid i felleskap" ynskjer me å byggja ei troskykja på Sveleite. Der skal og vera grillplass. Troskykja skal ha sitjeplassar og bord slik at ein kan raste under tak. Veggane skal ikkje vera høgare enn at ein kan sitja inne og sjå ut på naturen. Trokykja skal ha lukka hems for oppbevaring av div. utstyr. Her ynskjer me å ha mellom anna saueskinnsfellar til sitjeunderlag og grillutstyr. Troskykja skal kunne brukast til utandørsovernatting. Luren 4H vil bruke naturmøteplassen til møter og arrengement.
Oppgåva er eit 4H prosjekt om nærmiljøarbeid og passer godt til 4H Norge sitt prosjekt. 4H Norge gjer inntil 35. 000 kroner i tilskot. Dette forutset eit samarbeidsprosjekt med andre lag og organisasjonar. Difor treng me samarbeidspartnarar til prosjektet vårt, og har hatt møte med lag og organisasjoner i bygda. Desse var svært positive til prosjektet vårt, og ynskte å bidra på ulike vis. Me har hatt møte med grunneigar og fått løyve til å setje opp ei troskykja på Sveleite og han ville og hjelpa til med grunnarbeidet på tufta. Me har valgt tema Kultur i natur, ettersom at troskykja er eit gammalt byggverk frå vestlandet. Sveleitet er ein sentral stad i bygda. Det er lett tilgjengeleg for barnehagen, som brukar området mykje i dag og. Det er eit lett tilgjengeleg turområde for eldre. Frå gammalt var denne staden brukt som samlingsstad for ungdom. Her har det vorte både dasa og leika. Det går ein mykje brukt merka tursti over Sveleite og trimløpet Herand rundt passerar her. Me ynskjer å markera åpninga av naturmøteplassen med ein fest for alle, der me vil ha lokal mat og underhaldning. |